Forskingstorg

Forskingstorga er eit av signaturarrangementa til Forskingsdagane. Dei er ein stad for spennande møte, læring og opplevingar.

Kjemieksperiment på Forskningstorget. Foto: Bård Gudim, Forskingsdagane

Forskingstorga er eit av signaturarrangementa til Forskingsdagane. Dei er ein stad for spennande møte, læring og opplevingar.

Torga er ein spennande møteplass der barn og vaksne kan utforske, prøve, smake og lære noko nytt. Møtet mellom publikum og forskarar, engasjementet, gleda når ein kan vise fram noko fysisk og ikkje berre fortelje på avstand, er varemerket til forskingstorga. Forskingstorga ein av dei arrangementstypane som har vore berebjelken i Forskingsdagane sidan den aller første festivalen i 1995, og erfaringa er at både barna og forskarane er glade i torga. 

- Eg gler meg til Forskingsdagane kvart år. Det er ein stor tilfredstillelse når eit barn som har vore på Forskningstorget saman med klassen sin på fredag, kjem tilbake saman med mamma og pappa på laurdag. Då kjenner eg at eg at vi har lykkast med å tenne interessa for forsking, seier Nofima-forskar Sissel Beate Rønning, som har vore med på mange forskingstorg.

Velkommen til forskingstorga hausten 2024 - det er både gøy og lærerikt å slå av ein prat med dei mange forskarane og gjere utforsking på eiga hand. Liste med lenkjer til torg kjem her seinare. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 16. april 2024, 08:21 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.