Om oss
Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd. Alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar blir inviterte til å vise fram verksemda si for allmenta. Festivalen har vore arrangert kvart år sidan 1995 og er ein av Europas store, landsdekkjande forskingsfestivalar.
Målsetjingane for festivalen er å
- skape begeistring og forståing for forsking
- formidle kva forskinga og dens resultat betyr for oss i vårt daglege liv
- vise samanhengen mellom forsking, innovasjon og næringsliv
- vekke interesse i media for forsking og forskingsresultat
- bidra til rekruttering av unge til forskingsrelaterte yrke.
Gjennom ei rekkje ulike arrangement kan menneske i alle aldersgrupper og på alle kunnskapsnivå få eit innblikk i forskingsverda.
For å nå målgruppene har mange av arrangementa under Forskingsdagane fjerna seg langt frå den tradisjonelle presentasjonsforma til forskarane - foredraget. Arrangementa spenner frå opne laboratorium, utstillingar og debattar til båtturar, quizar og Forskar Grand Prix-show. Det aller, aller meste som skjer er gratis. Festivalen startar kvart år onsdag i veke 38 og blir avslutta søndag i veke 39.
Arrangørane på Forskingsdagane
Innhaldet i Forskingsdagane er det dei lokale arrangørane som står for. Arrangørane bestemmer sjølv på kva måte dei vil presentere seg og verksemda si. Desse er universitet, høgskular, forskingsinstitutt, bedrifter, kommunar, museum, bibliotek, skular, foreiningar og andre offentlege og private aktørar. Arrangørane er sjølv ansvarlege for å planleggje, finansiere og marknadsføre arrangementa sine.
På det meste er om lag 200 arrangørar er med, frå Kristiansand i sør til Longyearbyen i nord, noko som gir merksemd og gjennomslag i eit land med nesten 5,4 millionar innbyggjarar. Festivalen er Noregs største arena for allmennretta forskingskommunikasjon og utmerker seg også i europeisk samanheng for sin geografiske og faglege breidd.
Kvart fylke har regionkontakten sin som hjelper til å koordinere aktivitetar og marknadsføring. Send oss ein e-post, så set vi deg i kontakt med regionkontakten din.
Forskingsdaganes nasjonale sekretariat
Prosjektleiinga og sekretariatet til festivalen ligg i Avdeling for mobilisering og kommunikasjon i Forskingsrådet. Vi har ansvaret for opningsarrangementet, ein eventuell nasjonal finale i Forskar Grand Prix og diverse debattar og frukostmøte.
Ein viktig del av arbeidet til sekretariatet er å binde saman dei mange regionale arrangementa til festivalen til ein felles festival. I dette arbeidet inngår marknadsføring, visuell identitet, profileringsmateriell og arbeid mot redaksjonelle og sosiale medium.
Drift av nettstad for publikum og arrangørar, og dessutan den felles databasen som utgjer programma til festivalen er sentrale oppgåver. I tillegg er sekretariatet eit serviceorgan for arrangørane. Rekruttering og vedlikehald av arrangørmassen går mellom anna føre seg på oppstartseminar om våren og evalueringsmøte om hausten.
Vi sender ut nyheitsbrev til arrangørnettverket med nyttig informasjon om f.eks utlysing av økonomisk støtte til arrangement, invitasjon til fellesmøte og tidsfristar. Du kan melde deg på nyheitsbrevet vårt.
Lurer du på nko? Send oss ein felles e-post eller ta direkte kontakt med Camilla Karstensen i sekretariatet.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. november 2024, kl. 15.46 CET