Bestill ein forskar

La ein forskar piffe opp serveringa i klasserommet, bedriftskantina eller foreldremøtet. Mange institusjonar tilbyr utlån av forskarar under Forskingsdagane - heilt gratis!

Bestill ein forskar til klassen eller kantina di! Foto: Bård Gudim/Forskingsdagane

Mange arrangørar under Forskingsdagane tilbyr forskarar til utlån! Her kan du få forskarane til å komme ut til skulen din, klubb, arbeidsplass eller foreining etter nærare avtale. Dei uhøgtidelege foredraga frå lokale forskarar er både lærerike og inspirerande.

Forskarar frå mange ulike fag stiller opp, og det blir tilbode både fysiske og digitale besøk. Men, det kan vere avgrensingar i kor langt forskarane har høve til å reise fysisk eller kor mange foredrag dei har kapasitet til under festivalen, så her lønner det seg å sende inn bestillinga si. 

Opplegget blir koordinert lokalt hos kvar enkelt forskings- eller utdanningsinstitusjon. Så sjekk under programmet som er oppført for byen eller regionen din om det er forskarar tilgjengeleg for bestilling der du er. Dei fleste legg ut lister med foredrag/tema som kan bestillast i august og september.

Bestill ein forskar er eit ekte produkt av kreative Forskningsdagene-arrangørar som for mange år sidan kom med ein god idé. Ordninga er også med stor suksess eksportert til to danske og ein estisk festival.

I år kan du bestille en forskar frå

Høgskulen i Østfold

Høgskulen Kristiania

NORCE Norwegian Research Centre

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

Universitetet i Sørøst-Noreg

Universitetet i Agder

Universitetet i Tromsø

Akademiet for yngre forskere m/Vestlandsforskning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. desember 2023, 10:55 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.