Forskingstorg
Forskingstorga er eit av signaturarrangementa til Forskingsdagane. Dei er ein stad for spennande møte, læring og opplevingar.
Forskingstorga er eit av signaturarrangementa til Forskingsdagane. Dei er ein stad for spennande møte, læring og opplevingar.
Torga er ein spennande møteplass der barn og vaksne kan utforske, prøve, smake og lære noko nytt. Møtet mellom publikum og forskarar, engasjementet, gleda når ein kan vise fram noko fysisk og ikkje berre fortelje på avstand, er varemerket til forskingstorga. Forskingstorga ein av dei arrangementstypane som har vore berebjelken i Forskingsdagane sidan den aller første festivalen i 1995, og erfaringa er at både barna og forskarane er glade i torga.
- Eg gler meg til Forskingsdagane kvart år. Det er ein stor tilfredstillelse når eit barn som har vore på Forskningstorget saman med klassen sin på fredag, kjem tilbake saman med mamma og pappa på laurdag. Då kjenner eg at eg at vi har lykkast med å tenne interessa for forsking, seier Nofima-forskar Sissel Beate Rønning, som har vore med på mange forskingstorg.
Etter to år med pandemi, var forskingstorga i 2022 så å seie tilbake til normalen gjen! I Oslo var det eit mindre forskingstorg på Teknisk museum. I alle andre store byar og på mange mindre stader blei det arrangert forskingstorg til glede for store og små. I tillegg såg vi også nokre heilt nye forskingstog sist festival, til dømes i Kristiansund og i Kongsvinger!
Velkommen til forskingstorga hausten 2023 - det er både gøy og lærerikt å slå av ein prat med dei mange forskarane og gjere utforsking på eiga hand.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. juni 2023, 10:53 CEST