Kaffe med en forsker

Kaffi med ein forskar er ein programserie som blir send på Instagram kvar morgon under festivalen. Fysikar og vitskapsformidlar Andreas Wahl tar ein kaffiprat, via videosamtale, med ein forskar. Saman snakkar dei om eit tema knytt til fagfeltet til forskaren, og Andreas får spørje om det han lurer på.

Kaffi med ein forskar er ein programserie der Andreas Wahl tar ein prat over ein kopp kaffi med ein ny forskar kvar morgon under festivalen.

Kaffi med ein forskar var eit nytt digitalt konsept for Forskingsdagane i 2020, som heldt fram i 2021 og som vi også fekk gleda av under festivalen hausten 2022. Serien er både uhøgtideleg og lett tilgjengeleg.

Fyll din eigen kaffikopp og sett av nokre minutt saman med Andreas og ein forskar! Enten du er heime ved kjøkkenbordet, ved kontorpulten eller på toget, får du ei hyggjeleg stund samtidig som du lærer noko nytt.

Kaffipraten går direkte på Instagram-kontoen på forskingsdagane kvar morgon, og du kan sjølvsagt sjå episodane igjen både der og på Nettsidene på forskingsdagane når du vil.

Alle episodane av Kaffe med ein forskar frå Forskingsdagane ligg på vår  instagramprofil.

 

Følgjande forskarar var med i 2022:

 

Følgjande forskarar var med i 2021:

 

Følgjande forskarar var med i 2020: 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. juni 2023, 10:10 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.