Lån ein forskar

Bli med på eit faglitterært menneskebibliotek der forskarane er fagbøker.

Har du lyst til å “låne” ein forskar som har ei historie å fortelje? Då må du komme på Menneskebiblioteket onsdag 21. september klokka 12–15 på InnoCamp i Steinkjer, eller torsdag 22. september klokka 16–19 på Steinkjer bibliotek. Her møter du forskarar som brenn for fagfeltet sitt og som let deg oppleve å komme nær forskingsfronten. Her vil du få eit nært og personleg møte med forsking og fagfelt.

Menneskebiblioteket blei arrangert for første gong under Roskildefestivalen i 2000. Tanken bak Menneskebiblioteket er å skape møte og dialog mellom framande. I staden for å låne ei bok på biblioteket "låner" ein eit menneske i eit visst tidsrom.

Bøkene i Menneskebiblioteket er altså menneske, og "lesaren" er alle som er villige til å bruke ein times tid på ein samtale med ein forskar innanfor eit område som lesaren er interessert i. Menneskebøkene kan også sjølv stille spørsmål og lære.

Dagleg leiar Johan Einar Bjerkem frå stiftinga Hilmar Alexandersen fortel meir om Menneskebiblioteket:

– Når lånarane kjem, så får dei tilgang til ein katalog. Der vil dei finne oversikt over dei ulike "bøkene", det vil seie forskarane og formidlarane, og innhaldet i dei. Så kan dei setje seg opp på liste og låne boka på ei bestemd tid i eit eitt-til-eitt format. Det går også an å komme to stykk saman og låne den same boka, forklarer han.

– Målet med menneskebiblioteket er å leggje til rette for ein konstruktiv personleg samtale mellom menneske som normalt ikkje har høve til å snakke med kvarandre, seier Bjerkem.

Hovudtemaet er “blå” og “grøn” forsking, men det vil også vere "bøker” frå andre fagfelt til stades. Det er du som styrer forskinga, og det er rom for utveksling av tankar og idear.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. oktober 2022, 09.15 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.